Er politiet stolt av det som skjedde på Egertorget?

Er politiet stolt av det som skjedde på Egertorget?

Den kjente motstandsmannen gjennom mange år, Norvald Aasen, har i et brev til Arne Johannessen i Politiets fellesforbund og Ingelin Killengreen i Politidirektoratet, tatt sterkt avstand fra det som skjedde på Egertorget 13. juni. Politiet får kraftig kritikk for manglende håndfast opptreden.

Med tillatelse fra brevets forfatter gjengis skrivet i sin helhet:

Til Arne Johannesen,
Politiets fellesforbund, Storgt. 32, 0184 Oslo

Til Ingelin Killengreen,
Politidirektoratet, Henrik Ibsensgt. 10, 0181 Oslo

Sak: Gatepøbelen sin valdsaksjon mot organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) på Egertorget den 13. juni 2009.

Viser til vedlagt kopi av informasjonsskriv frå SIAN vedrørande valdsepisoden som Blitz, SOS Rasisme og andre venstreekstreme grupper fekk gjennomføre då SIAN skulle holde sin lovlege stand på Egertorget. Godkjenning av informasjonsstand var på førehand gjeve både av Politiet og Oslo kommune.

Som det går fram av informasjonsskrivet til medlemane så vart politiet informert om dei trugsmåla om vald som SIAN mottok den 12. juni – altså dagen før standen skulle haldast.

Det som kjem fram i informasjonsskrivet ser eg på som ein svært grov svikt frå politiet si side, om plikt til å verne om lovleg verksemd og vern av liv og eigedom, og å sikre at borgarane får nytte sine grunnlovsfesta rettar til ytringsfridom. I staden har offentleg godkjende valdsmiljø, med grov vald og trugsmål, fått rett til å skape frykt og utføre hærverk mot vanlege borgarar og deira eigedom. Kan politiet kjenne seg stolte av at dei ikkje vernar dei som prøver å nytte seg av dei rettar som mellom andre norske styresmakter og media hevdar er sjølvsagde her i landet, og som dei er snare til å kritisere regimer andre stadar i verda for ikkje å tillate for sine borgarar?

Eg vil også stille spørsmål til Politiet om dei meinar at denne etaten er meir tent med eit godt tilhøve til kjende og berykta valdsmiljø enn det å ha tillit hos den vanlege borgar?

Eit anna spørsmål som det kunne vere greitt å få eit ærleg svar på, men som eg nok ikkje vil få, er om politiet sine politiske overordna har instruert politiet om at valdsepisodar mot politisk ukorrekte meiningar skal tillatast, for på den måten å hindre at slike ytringar frå publikum vert gjentekne? At eg stiller dette spørsmålet grunngjev eg med at ein så unnfallande haldning frå politiet si side, som det synest å vere her, neppe ville kunne skje utan at det fekk fylgjer for politiet, i alle høve ville det kome sterk kritikk frå politisk overordna hald. Ein annan ting som talar for at eg kan ha rett, er at det lenge har vore kjent at t.d. blitzmiljøet har hatt sterke innslag av ungdom frå politikarfamiliar, kjendisfamiliar og andre overklassemiljø. Slik sett er det grunn til å tru at Blitz, SOS Rasisme og andre innan desse valdsmiljøa ikkje berre handlar i samråd og etter ynskje frå sitt opphav, men at dei også i kraft av dette nyt ein viss velvilje og beskyttelse frå politiet si side?

Har også merka meg meldinga som kom i media for ei tid sidan at dei fleste av dei som stod bak hærverk og øydeleggingar i hovudstaden ved juletider ville gå straffefri.

Å samanlikne Norge med Iran og Burma når det gjeld manglande menneskerettar og ytringsfridom for politisk opposisjonelle vert stadig meir nærliggande.

Norvald Aasen
6983 Kvammen

SIANs internettredaksjon
Observatør